Barnehageforum - Dagsplan for familien

Når vi skal kombinere hjemmeundervisning, hjemmekontor og arrangere barnehage i samme hus kan rutiner og forutsigbarhet være viktige ingredienser. Veronica Aurdal Brungot som til vanlig er barneveileder ved Hundeidvik SFO har laget dagsplan i heimen.

Det er en utfordring å aktivisere små barn i et "hjemmekonsern" hvor både læring og jobbing skal gå hånd i hånd. Veronica deler hvordan de har forsøkt å gjøre den nye hverdagen lettere med familiens dagsplan. 

 

veronica forteller:

Vi har i dag prøvd å lage ein visuell dagsplan (etter inspirasjon frå internett) for å gjer kvardagen vår mest mulig organisert for heile familien og mest mulig forutsigbar for Alina Regine på 5 år.

Det heile blei egentlig ein aktivitet i seg sjølv. Der eg har teikna, Alina har farga og Victoria (12 år) har skreve på. Tanken er at vi starta kvar morgon med samlingstund, der oss går gjennom dagen i lag, og Alina kan få velge aktivitet frå leiketidkorta. Tanken er at ho skal velge ein aktivitet ho skal gjer på når Victoria gjer skulearbeid. 

Slik vil dagane hinna også bli meir "lik" kvardagen i barnehagen og ho vil føle forutsigbarhet og tryggheit. 

 

 

Vi har også laga nokon kort som eg har valgt å kalle kvalitetskort. Det er forslag til kva vi kan gjer på ilag som familie. Sidan all anna aktivitet og sosialisering uteblir, har vi valgt å bruke den tida til kvalitetstid ilag som familie. Det er nok sikkert ikkje kvar dag oss kjem til å velge og gjere noko i det heile, kanskje har vi lyst å berre gjer ingenting. Kanskje ønsker vi å bruke ettermiddagen kvar for oss. Men vi veit aldri kor lang denne tida vil bli, så eg tenker desse kvalitetskorta kan bli gull verdt.

 

Her har eg sett opp eit forslag til korleis dagen vår kan sjå ut. Eg ønsker å vise idéen vår vidare til andre som kanskje også set å tenker på korleis dei kan få dagane til å bli mest mulig organisert og ikkje minst forutsigbar for dei yngste barna. Eg ser for meg at dinne dagsplanen vil utvikle seg og forandre seg etterkvart.


Kanskje kan vi få inspirasjon frå dokke også? Legg gjerne ut gode tankar og idéar i komentarfeltet under.

 

 

Ønsker alle lykke til i tida framover

Veronica Brungot
 

Flere artikler innen Den viktige leken