Logg inn:
Korleis forstå barnehagelærarrolla?
Kjetil Børhaug, professor ved Universitetet i Bergen og leiar av Ekspertgruppe for barnehagelærarolla   13.04.18
Korleis skal ein definere ein profesjonell barnehagelærar? Og er det berre barnehagelærarane som skal vera profesjonelle, eller skal også eigar og kommunale styresmakter vera det? Kva vil det innebera?
Regjeringa sette på seinsommaren 2017 ned ei ekspertgruppe som har i oppdrag å undersøkja barnehagelærarrolla, og å foreslå korleis profesjonen kan utviklast. Vi i ekspertgruppa skal levera ein rapport om dette 1. desember. Det er ikkje lenge til, og oppgåva er omfattande. Gruppa har 10 medlemer. Dei fleste har barnehagepedagogisk bakgrunn og mange jobbar eller har jobba som barnehagelærarar. Slik sett er det nok ikkje riktig å seia at ekspertgruppa har eit utanfråblikk på barnehagelærarane.
 

Kva skal gruppa gjere?

Gruppa skal ikkje fyrst og fremst setja i gang store studiar, men heller byggja på studiar og ulik dokumentasjon som alt er offentleg tilgjengeleg. Vi ser alt no at mange tema er det forska lite på. Mykje av litteraturen er rådgivande og forklarar korleis ting bør vera utan at det er så godt dokumentert korleis det faktisk er. Det gjeld både korleis barnehagelærarar utøver rolla si i møte med barn, som leiarar eller overfor andre. Og det gjeld korleis rammevilkåra rundt barnehagelærarane stiller krav til og støttar yrkesutøvinga. Til dømes blir det gjerne vist til at barnehagane no er større. Det må vi tru endrar barnehagen som organisasjon, og dermed rammene rundt barnehagelærarrolla. Men med nokre spreidde unnatak er det lite forsking om barnehagen som total organisasjon, med formelle strukturar, kultur og formelle leiingsformer og med organisatoriske koplingar til omverda, og det er får studiar om kva verknader organisering har. Slik er det på mange tema. Det kan vera fleire grunnar til dette, ein er nok at barnehageforskinga enno er i en tidleg fase.
 
barnehagefolk nr.1/2018 Årets første barnehagefolk er nå ute hos våre abonnenter. Temaet i dette nummeret er "Gruppen".

Barnehagefolk er tidsskriftet for og av barnehagefolket - spekket med artikler med erfaringsutveksling, kunnskapsdeling og meningsbryting.

Hvis du ikke allerede er abonnent, følg denne linken for å lese mer og tegn abonnement.
 
 
Dei to målsetjingane som er refererte over viser eit viktig utgangspunkt som er gitt i oppnemninga; barnehagelærarrolla er å forstå som ei profesjonsrolle. Det kan ein lesa både som ei anerkjenning og som ei utfordring til barnehagelærarane. Ei anerkjenning av at barnehagelærarane sitt arbeid er fagleg forankra og komplekst, og ei utfordring om fagleg utvikling og profesjonalisering i framtida.
 
For ekspertgruppa er oppgåva å samanfatta tilgjengeleg dokumentasjon om denne rolla, og å gi råd om korleis den kan utviklast vidare. Begge oppgåver krev eit grunnlagsarbeid som definerer kva ei profesjonell barnehagelærarrolle er. Bare på et slikt grunnlag kan vi vite kva det er det relevant å henta inn dokumentasjon om, og kva som er utanfor oppdraget vårt.
 

Kva er barnehagelærarprofesjonalitet?

Kva inngår i barnehagelærarprofesjonaliteten? Kva er hovudkomponentane i det arbeidet barnehagelærarane gjer? Det vert gjerne vist til leik, læring, omsorg, utvikling – som er viktige mål og verdiar. Korleis forstår barnehagelærarar desse verdiane? Og kva er det barnehagelærarane gjer for å verkeleggjera dei? Mange peikar på kor viktig det heilskaplege læringssynet er, men kva vil det eigentleg seie? Kva gjer barnehagelærarar heilt konkret for å skapa heilskap? Profesjonar vert vanlegvis definert ved at dei er kopla til eit vitskapleg grunnlag for arbeidet dei gjer. Men kva er det å ha ein vitskapleg basis og grunngjeving for praksis? Kva for vitskap skal det i så fall vera? Kva andre grunnlag skal vitskaplege element koplast saman med? Kva er eigentleg profesjonsutvikling? Er profesjonalitet noko som kjenneteiknar den einskilde, kollegafellesskapet i barnehagen eller er profesjonsfellesskapet også noko større? Kanskje litt av alle tre, men profesjonsutvikling på fleire nivå er ein kompleks prosess det er vanskeleg gi råd om.
 
KOntakt oss:

Ekspertgruppa for barnehagelærarrolla gjer oss innblikk i arbeidet sitt gjennom 2018. Her kan de lese om medlemmene og oppdraget Her kan alle ta kontakt, ikkje minst om kva dei bør ha med om kva barnehagelærarrolla er.

Mandatet vi har fått legg stor vekt på korleis ulike rammevilkår grip inn i barnehagelærarane si profesjonelle yrkesutøving, både offentleg styring, eigar, organisering, leiarar og foreldra er nemnde. Vi må difor spørja i kva grad og korleis barnehagelærarane har ein profesjonell relasjon til desse aktørane, og korleis dei blir påverka av dei på godt og mindre godt. Men vi kan også spørja kor profesjonelle eller profesjonstilretteleggande desse aktørane er. Er det berre barnehagelærarane som skal vera profesjonelle, eller skal også eigar og kommunale styresmakter vera det? Kva vil det innebera?
 
Ekspertgruppa held med andre ord på å landa noko om kva forståing av barnehagelærarrolla (som profesjonsrolle) som skal leggjast til grunn. Det kan henda at det blir like viktig som dei konkrete tilrådingane som vil koma.

Denne artikkelen er åpen for alle

Du kan derfor lese hele artikkelen. Dersom du vil ha tilgang til alle artikler har vi nå en kampanje på 6 måneders medlemskap. Se nedenfor.
TILBUD PÅ 6 MND. MEDLEMSKAP, KUN KR. 595,-
Fyll ut skjema nedenfor og få umiddelbar tilgang til alt på Barnehageforum!
Vi har i dag nærmere 3000 bhg og over 7000 aktive brukere.
Barnehage
*Fornavn
*Etternavn
*E-post
*Telefon
Fakturanavn
Fakturareferanse
*Fakturaadresse
*Faktura Postnr
*Faktura Poststed
*Ønsket passord
*Gjenta passord
*Medlemstype
*Antall måneder *
* Du kan velge mellom 3, 6 eller 12 måneder. Du vil bli fakturert for hele perioden i en faktura.

* Mva. kommer i tillegg

Huk av for at du har leste våre avtalevilkår
 
DISKUTER ARTIKKELEN
 
 
Anbefalt
Kjell   30
Appen
Kommentar:
Foto: Fra ekspertgruppens hjemmeside
RELATERTE ARTIKLER
Våre saltvannsfisker
Ny i barnehagen
Tid for nye foreldre
Musikk og små barn
Den viktige overgangen