Logg inn:
Brennautvalget med innstilling idag
Morten Solheim   01.10.10
Idag, klokken 12.00 overleverer Brennautvalget sin innstilling til Kunnskapsdepartementet.
Etter nærmere halvannet års arbeid legger Brennautvalget frem sin innstilling for Kunnskapsdepartementet i formiddag klokken 12.00. Det har vært knyttet mye spenning fra flere hold til utvalgets innstilling. Utvalget har fått mandat til å utrede ulike former for førskoletilbud til alle femåringer, uavhengig av funksjonsnivå og sosial bakgrunn.

Dette er utvalgets mandat:

Bakgrunn
I dag er det aukande krav til at kvar og ein skal ha gode dugleikar og god kompetanse. Barn har interesse for å lære lenge før skulestart. I Rammeplan for innhald og oppgåver i barnehagen heiter det at barn er nyfikne og spørjelystne, og at dei har stor lærelyst. Dette er kvalitetar ein skal ta var på og stø opp under. Her ligg sjølve grunnlaget for livslang læring. Forsking frå Storbritannia viser at både kvaliteten på barnehagetilbodet og kor lenge barna har gått der, spelar ei stor rolle for lese- og reknedugleikane når barna tek til på skulen. Den norske Mor – barn undersøkinga fortel oss at dei barna som har gått i barnehage, har betre språkutvikling enn dei barna som ikkje har gått i barnehage. Tidleg språkutvikling hos barnet er viktig for utvikling av sosiale dugleikar og seinare for evna til å lære å lese- og skrive. Forsking har òg vist at gutar som har gått i barnehage, har fleire vener som vaksne samanlikna med dei som ikkje har denne erfaringa. Det er derfor viktig at barn i førskulealder får eit tilbod av høg kvalitet. Tilbodet skal gi dei eit godt grunnlag for utvikling av sosial kompetanse. Dei skal òg oppleve gode relasjonar til andre barn. Det gir eit godt fundament for læring i skulen.

Barnehagen er ein frivillige del av utdanningsløpet. I dag har 96 pst. av alle barn erfaring frå barnehage når dei startar skulegangen. For at barn skal få utvikle seg best mogleg i tida før skulestart, er det viktig at alle, uavhengig av funksjonsnivå og sosial bakgrunn, får eit likeverdig pedagogisk tilbod som dei har eit best mogleg utbytte av. Det meste av dei pedagogiske tilboda som barn får før skulestart, får dei i barnehagen. Dei barna som ikkje går i barnehagen, får dermed ikkje det same tilbodet.

Formål
Formålet er å sikre at alle førskulebarn, uavhengig av funksjonsnivå og sosial bakgrunn, får moglegheit til å delta i eit systematisk pedagogisk tilbod. Dette skal sikre at alle barn har erfaringar frå samvere med andre barn i et sosialt nettverk, kjennskap til omgrep og grunnleggjande dugleikar i språk og i andre emne før skulestart. Dette skal gi alle førskulebarn eit godt utgangspunkt for å klare seg i skulen og i samfunnet elles.

Oppgåver/avgrensingar for utvalet
Utvalet får dette mandatet:
  • Gjere greie for, vurdere og analysere korleis det organiserte tilbodet før skulestart er i dag, basert på forsking om barn i førskulealder.
  • Gjere greie for det pedagogiske tilbodet til førskulebarn i land det er naturleg å samanlikne oss med.
  • Vurdere ulike ordingar for eit pedagogisk tilbod som kan tilbys alle barn i målgruppa, og peike på fordelar og ulemper ved ulike løysingar.
  • Greie ut innhaldet i dei ulike alternativa, som skal inkludere:
1. Tilbod i samsvar med rammeplan for innhald og oppgåver i barnehagen og/eller læreplanen i skulen.
2. Målgruppe og omfang av tilbodet (månader og kor mange timar i veka tilbodet skal vere).
  • Vurdere korleis tilbodet til førskulebarna bør organiserast, m.a. samarbeid med barnevernet og andre instansar.
  • Vurdere kva for konsekvensar det vil få for tilbodet til dei andre barna i barnehagen at nokre barn får eit systematisk pedagogisk tilbod.
  • Vurdere kva for kvalifikasjonar det personalet bør ha som skal syte for tilbodet til førskulebarna, og vurdere kor stort behovet for pedagogar vil bli om eit slikt tilbod blir gitt.
  • Utvalet skal òg gjennomføre ei samfunnsøkonomisk analyse av dei ulike alternativa.
  • Dersom utvalet, på bakgrunn av analysar og vurderingar, vurderer det som formålstenleg å leggje fram forslag til eit pedagogisk tilbod før skulestart, skal det gjerast nærmare greie for innhaldet i, rammene for og organiseringa av tilbodet. Utvalet skal i tilfelle ei slik tilråding vurdere om tilbodet bør vere gratis eller betalingsbasert.
  • Eit av alternativa som utvalet legg fram, skal kunne setjast i verk innanfor dei økonomiske rammene vi har i dag.
  • Utvalet kan vurdere andre pedagogiske tilbod til førskulebarna enn dei som er nemnde i mandatet.

Økonomiske og administrative konsekvensar
Utvalet skal vurdere økonomiske, administrative, juridiske og andre viktige konsekvensar av forslaga, sjå elles ”Utredningsinstruksen med veileder om utredningsarbeid” som gjeld for arbeidet med offentlege utgreiingar.


Kilde: Kunnskapsdepartementet

Barnehageforum følger opp saken.

Denne artikkelen er åpen for alle!


Dersom du ønsker tilgang til alle artiklene på barnehageforum.no har vi tilbud på medlemskap.
TILBUD PÅ 6 MND. MEDLEMSKAP, KUN KR. 595,-
Fyll ut skjema nedenfor og få umiddelbar tilgang til alt på Barnehageforum!
Vi har i dag nærmere 3000 bhg og over 7000 aktive brukere.
Barnehage
*Fornavn
*Etternavn
*E-post
*Telefon
Fakturanavn
Fakturareferanse
*Fakturaadresse
*Faktura Postnr
*Faktura Poststed
*Ønsket passord
*Gjenta passord
*Medlemstype
*Antall måneder *
* Du kan velge mellom 3, 6 eller 12 måneder. Du vil bli fakturert for hele perioden i en faktura.

* Mva. kommer i tillegg

Huk av for at du har leste våre avtalevilkår
 
DISKUTER ARTIKKELEN
 
 
Anbefalt
Kjell   30
Appen
RELATERTE ARTIKLER
Solvett i barnehagen
Om fising, fnising og annet fjas
Her kommer jeg...
Hoppende glade over å bli tildelt stipend
Danske barn blir ”prikkbelastet” i barnehager