Logg inn:
Det du treng no
Jenny Rømo   18.03.19
Det er sjølve barndommen me snakkar om her. Hugs det!
Eg jobbar som pedagogisk leiar på småbarnsavdeling i ein kommunal barnehage. Eg elskar jobben min på mange måtar. Det er ikkje mange som har ein jobb der ein blir møtt med jubelrop og klem kvar morgon. Jobben min er å skape den gode kvardagen for barna i barnehagen. Eg jobbar med menneske som er midt i sjølve barndommen. Viktige verdiar som skal speglas i barnehagen er å møte individet sitt behov for omsorg, tryggleik, tilhøyrsle og anerkjenning og sikre at barna får ta del i og medverke i fellesskapet. Det er ikkje småtteri. Eg kjenner for å sakke på tempoet når eg høyrer desse orda. Det kjennes ut som orda fortener det. Ungane fortener det. Det er sjølve barndommen me snakkar om her. Hugs det! Og gløym det ikkje når ungar blir gjort om til tal.
 
Det er tid for soving på småbarnsavdelinga. Vi har ni barn og er tre tilsette på jobb. Klokka er tolv og eg som er på soverommet skal på leiarmøte halv to. Innan den tid må alle tilsette vere ferdig med pausen, elles blir det for tynt i rekkene når eg går på møte. Akkurat no er tidlegvakta på pause. Det betyr at vi er to tilsette igjen med ni barn. Tida går og eg skulle gjerne fått vesle Per til å sove no, elles går det ikkje rundt. Eg kjenner meg litt stressa, men stress er gift på soverommet. Personale som er stressa er verken tryggleiksskapande eller særleg søvndyssande for barn. Det tek tid, og det skal ta tid. Elles utfører vi ikkje oppdraget vårt slik rammeplanen og den lokaltilpassa kvalitetsutviklingsplanen seier. Livsmestring i det 21. hundreåret, vert det snakka om.
 
barnehagefolk nr.1/2019 Denne artikkelen er publisert i Barnehagefolk nr. 1/2019 tema "Hva trenger du nå"? Les mer om Barnehagefolk eller tegn et abonnement ved å følge denne linken
 
 
Ein er litt redd, kjenner ekstra på saknet av far og mor og treng trøst, ein annan må få skifta bleie etter at han er lagt seg og eg tek opp barnet frå madrassa, med venleg blikk og varme hender, for å skifte. Ein finn ikkje ro og må byssast, ein anna finn ro ved å ligge i armkroken min. Eg kikkar ut på avdelinga der min kollega Bjørn sit på golvet saman med barna som er vakne. Vesle Andreas er så passiv for tida, tenkjer eg, mens eg byssar Kari som fiklar med ein smokk der ho ligg i armane mine. Det har skjedd ei endring, han pleidde å vere så livsglad. Det må eg finne ut av. Kva er det som skjer med han?
 
Lunsjen er ikkje rydda vekk. Det kan vi ikkje prioritere. Ole har klatra opp på bordet. Han strekker seg etter mjølkeflaska si. Han er kjempetrøytt og burde få legge seg. Eg banker på vindauga i døra for å varsle Bjørn, men han er full sving med å trøste ein som gret. Han blei dytta og snubla i dukkevogna. Eg går ut av rommet, legg Kari på sofaen og hentar Ole ned frå bordet. Eg kjenner på adrenalinet som skrudde seg på når eg blei redd for at Ole skulle dette ned frå bordet. Klokka tikkar og går. Eg tek med Kari inn på rommet igjen, men no har ho vakna til og vil slettes ikkje sove meire. Eg kjem ikkje til å rekke å gå til pause i tide, det er altfor mange behov som skal dekkast. Men eg kunne trenge det for armane verker etter all byssinga og hovudet kjennes heilt fullt av andres behov. Det er sjølve barndommen, hugs det, og for meg er det sjølve arbeidslivet.
 
Eg har lært så utruleg mykje dei siste åra om kva som skal til for at barn skal ha gode utviklingsrammer. Det står i skarp kontrast til rammene me som samfunn tilbyr ungar som har barndommen sin på institusjon, og for meg som har mitt daglege virke i institusjonen. Eg brukar meg sjølv som det viktigaste verktøyet for at barn skal blir trygge, og ha det godt. Slik det er no er det for mykje stress. Stress gjer meg til ein dårlegare pedagog. Eg blir kort og irritabel og klarar ikkje å plukke opp dei små, vare signala som eittåringar gir - og som er heilt avgjerande for at poden skal kjenne seg likt og forstått. Det er for mange ting eg skal rekke. Eg må forte meg heile tida. Det skal dokumenterast og rapporterast, og vi skal drive nødvendig utviklingsarbeid. Når ein har fått på plass ein ting må ein haste vidare til neste.
 
Me treng ro i bransjen, ro til å fordøye og integrere ny, viktig kunnskap - til dømes har eg lært at hjernen vår er bruksavhengig. At dei delane av hjernen som blir brukt mest, også vil utvikle seg mest. Så lat oss som jobbar i barnehage få lov til å synge, danse, klatre og glede oss over livet saman med barna. Slik at når dei små barnehjernane er blitt til vaksenhjernar, så hugsar dei tilbake til barnehagetida si med eit smil: Barnehagen var ein god plass å vekse opp. Det var ein god barndom. Mulige sitat: «Jobben min er å skape den gode kvardagen for barna i barnehagen.» «Tida går og eg skulle gjerne fått vesle Per til å sove no, elles går det ikkje rundt. Eg kjenner meg litt stressa, men stress er gift på soverommet.»
Denne artikkelen er åpen for alle!


Dersom du ønsker tilgang til alle artiklene på barnehageforum.no har vi tilbud på medlemskap.
TILBUD PÅ 6 MND. MEDLEMSKAP, KUN KR. 595,-
Fyll ut skjema nedenfor og få umiddelbar tilgang til alt på Barnehageforum!
Vi har i dag nærmere 3000 bhg og over 7000 aktive brukere.
Barnehage
*Fornavn
*Etternavn
*E-post
*Telefon
Fakturanavn
Fakturareferanse
*Fakturaadresse
*Faktura Postnr
*Faktura Poststed
*Ønsket passord
*Gjenta passord
*Medlemstype
*Antall måneder *
* Du kan velge mellom 3, 6 eller 12 måneder. Du vil bli fakturert for hele perioden i en faktura.

* Mva. kommer i tillegg

Huk av for at du har leste våre avtalevilkår
 
DISKUTER ARTIKKELEN
 
 
Anbefalt
Kjell   30
Appen
RELATERTE ARTIKLER
Relasjon som vågestykke - læring om seg selv og andre
Relasjon som vågestykke - læring om seg selv og andre
Sosial utvikling – en oversikt
Sosial utvikling – en oversikt
Tolv momenter for å forebygging mobbing i barnehagen